Skjeberg Folkehøyskole er ein frilynt folkehøgskole som ligg i Skjeberg i Sarpsborg kommune i Østfold fylke, om lag 10 km sør for Sarpsborg. Skolen har plass til 91 elevar i året og er eigd av Østfold fylkeskommune.

Skolen vart grunnlagd i 1876, og var til å begynne med ein ambulerande amtsskole. Frå 1904 har skolen lege i Skjeberg, som frå 1990 er ein del av storkommunen Sarpsborg. Landskapet ved Skjeberg Folkehøyskole er prega av åsar, jorde og innsjøar. Det er gode forhold for å gå turar, med merkte turløyper i tilgrensande skogsområde. Det finst fleire helleristningar frå bronsealderen langs Oldtidsveien, i nærleiken av skolen.

Elevane ved Skjeberg Folkehøyskole har minimum 24 veketimar på fagfeltet, med linjefag og sjølvvalde valfag. I tillegg er det morgonsamling kvar undervisningsdag, minst eitt fellesarrangement kvar veke og enkelte temabaserte seminar i løpet av året.

Linjefag ved skolen i 2019: Filmproduksjon Foto Grafisk Design Musikkproduksjon Friluftsliv, foto og kajakk Sportsjournalistikk og idrett Valfag

Kjelder

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad Skjeberg Folkehøyskole på Facebook

Kategori:Folkehøgskular i Østfold Kategori:Sarpsborg kommune Kategori:Skipingar i 1876