«Go Your Own Way» er ein song av det britisk-amerikanske rockebandet Fleetwood Mac, gjeven ut som singel i januar 1977 og på albumet Rumours.

Bakgrunn Songen er skriven av Lindsey Buckingham og var den første singelen frå albumet. Buckingham hadde høyrt på «Street Fighting Man» av the Rolling Stones og tenkt at den måten å spele trommer på ville passe bra. Ken Caillat, som var produsent på innspelinga, hugsar at Mick Fleetwood i starten hadde store vanskar med trommene. «Eg hugsar eg såg han medan han prøvde å forklare Mick kva han ønskte - han var særs livleg, som ein liten gut, medan han spelte lufttrommer og krøllane hans spratt i alle retningar. Mick var ikkje sikker på at han kunne spele det Lindsey ønskte, men han gjorde ein flott jobb, og songen tok av.»

Då songen først vart spelt av B. Mitchell Reed, ein populær radioprogramleiar i Los Angeles, var han ikkje imponert. «Eg er ikkje sikker på den der» sa han til millionar av lyttarar. Buckingham kontakta Reed og kravde å få vite kva problemet var og fekk som svar «Eg finn ikkje rytmen». Både Fleetwood og Buckingham tok skulda for dette. «Rytmen på 'Go Your Own Way' var ein tom-tom-struktur som Lindsey hadde spelt inn med å slå på nokre boksar eller noko slikt... Eg fekk aldri taket på kva det var han ønskte, så sluttresultatet vart mi muterte tolking. Det vart ein stor del av songen. Eg skammar meg av å seie at det var ein heilt bak-fram måte å gjere det på, å legge vekt på mi eiga udugelegheit».

Buckingham meiner problemet var den akustiske gitaren han la på i siste minutt. Så snart eg kom på den akustiske delen, kom heile songen til live for meg, fordi han fungerte som ein folie for vokale og eit rytmisk kontrapunkt…så når han kjem inn, får du ikkje eit referansepunkt for kvar første slaget er eller kvar rytmen er i det heile tatt. Det er først når det første refrenget kjem inn at du skjønar kvar rytmen er - og det er dette programleiaren vart forvirra av.»

Likevel klatra songen til ein 10. plass på Billboard Hot 100, og vart den første hitten deira i USA på topp 10. I Storbritannia nådde singelen berre 38. plassen. Han vart likevel populær i Storbritannia over tid og mykje spelt på radio. Singelen gjekk då inn på lista att ved fleire høve. Songen nådde òg toppen av lista i Nederland. Songen er rangert på 120. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene og er med på lista til Rock and Roll Hall of Fame over dei 500 songane som forma rock and roll.

Teksten Songen handlar om det kompliserte forholdet som Buckingham og Fleetwood Mac-medlem Stevie Nicks hadde.CNN: Mac's Buckingham, Nicks still have tension, love Henta 2013-07-17 B-sida til singelen, Silver Springs, var skriven av Nicks. Den handlar om det same temaet og vert ofte rekna som eit svar til A-sida.

Medverkande Lindsey Buckingham – elektrisk gitar, akustisk gitar, solovokal, korvokal Mick Fleetwood – trommer, maracas, cymbalar, Christine McVie – Hammondorgel, korvokal John McVie – bassgitar Stevie Nicks – korvokal

Alle utgjevingar Rumours (1977) Live (1980)Greatest Hits (1988)25 Years - The Chain (1992)The Dance (konsertalbum) (1997) The Very Best of Fleetwood Mac (2002) Rock Band 2 (2008) Guitar Hero World Tour (2008)

Andre versjonar

«Go Your Own Way» er blitt spelt av NOFX, The Lumineers, Vomit Launch, Seaweed, The Cranberries, Jellyfish, Jennifer Brown,Wilson Phillips, Biffy Clyro, Carrie Underwood, Boy George, Kate Ceberano, Silverstein, Gloriana, Keane, Jets to Zurich, Lea Michele, Lissie, The Head and the Heart, Colbie Caillat, Kingswood og Art of Dying.

Sampling Dumb and Dumber (1995) MC Mario – Most Wanted 2007 (2007) Pictureplane – Goth Star (2009) Karl Wolf – «Go Your Own Way» / Also alternative version by Karl Wolf featuring Reema Major (2013) Forrest Gump (1994)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Go Your Own Way» frå , den 28. juli 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff CLASSIC TRACKS: Fleetwood Mac 'Go Your Own Way' VIDEO: Go Your Own Way by Fleetwood Mac

Kategori:Songar frå 1977 Kategori:Singlar frå 1977 Kategori:Fleetwood Mac-songar Kategori:Songar skrivne av Lindsey Buckingham Kategori:Songar produserte av Ken Caillat Kategori:Songar produserte av Richard Dashut Kategori:Wilson Phillips-songar Kategori:The Cranberries-songar 120