Per Halse () er ein norsk teolog og tidlegare rektor ved Høgskulen i Volda.
Halse er fødd i Ørsta på Sunnmøre. Han vart cand.theol. i 1984 etter å ha studert ved Menighetsfakultetet i Oslo. Han tok historie grunnfag ved Universitetet i Tromsø i 1990, og grunnfag i pedagogikk ved Volda lærarhøgskule i 1993. Han blei ph.d. med avhandlinga Gudsord og folkemål. Framveksten av nynorsk kyrkjespråk 1859–1908 ved det teologiske fakultetet ved Universitetet i Oslo i 2009.
Per Halse verka som kateket i Karlsøy i perioden 1985–1987, og var vikarierande sokneprest der i 1987 og i 1989–1990. Frå 1990 til 1991 var han vikarprest i Søre Sunnmøre prosti, og var òg tilsett ved Volda vidaregåande skule. I 1991 blei han høgskulelektor ved Volda lærarhøgskule, som frå 1994 blei del av Høgskulen i Volda. Han blei førstelektor i 1999, førsteamanuensis i 2009 og professor i 2018. Halse var rektor ved høgskulen frå 2011 til 2015.
Som historikar har Halse særleg teke for seg norsk kyrkjehistorie og språkhistorie i Den norske kyrkja. Han har skrive fleire lærebøker for høgare utdanning, ein biografi om Peter Hognestad frå 2016 og var med på å skriva «Den fyrste bibelen paa norsk». Historia om Fyrebilsbibelen med Anders Aschim, som kom ut til 100-årsjubileet for Fyrebilsbibelen i 2021.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Rektorar ved Høgskulen i Volda Kategori:Norske prestar