Naftali Temu () var ein kenyansk langdistanseløpar som i 1968 vart den fyrste olympiske meisteren frå landet sitt.

Aktiv Temu tok i 1965 sølvmedaljen på 5 000 meter under dei aller fyrste panafrikanske leikane, landsmannen Kipchoge Keino vann løpet. Året etter, under Samveldeleikane 1966 i Kingston i Jamaica, slo Temu verdsrekordhaldaren Ron Clarke og sigra i 6-miles-løpet.

I 10 000-meterløpet under Sommar-OL 1968 i Mexico-byen var det einast etiopiaren Mamo Wolde som makta halde same tempo som Temu, men femti meter før mål avgjorde Temu løpet til sin fordel med ein kjapp spurt. Vinnartida 29.27,4 var heilt nøyaktig eitt minutt bak hans personbeste på distansen, Wolde fekk 29.27,7. Fire dagar seinare sprang Temu inn til bronse på 5000 meter. Til sist i leikane deltok han også i maratonløpet, og enda på 19. plass.

Temu sette sine endelege personlege rekordar på mila og halvmila i 1971-sesongen; høvesvis 28.21,8 og 13.36,6. Han vart slått ut i forsøket på 10 000 meter då sommarleikane 1972 fann stad i München.

Temu, som var frå Nyanza-provinsen i det vestlege Kenya, vart tildelt ein farm av presidenten i landet og busette der. Han døydde av prostatkreft på eit sjukehus i Nairobi.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Naftali Temu» frå , den 3. august 2015.

World Athletics

Kategori:Kenyanske langdistanseløparar Kategori:Olympiske meistrar for Kenya Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Kenya Kategori:Kenyanske deltakarar under sommar-OL 1964 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1964 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1968 Kategori:Kenyanske deltakarar under sommar-OL 1968 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1968 Kategori:Kenyanske deltakarar under sommar-OL 1972 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1972