«Gold Dust Woman» er ein song av Fleetwood Mac frå albumet Rumours i 1977. Han vart skriven og sungen av Stevie Nicks og gjeven ut som B-sida til «Don't Stop» (i Storbritannia) og «You Make Loving Fun» (i USA). I lag med «Rhiannon,» «Landslide» og «Dreams», vert han ofte rekna som ein av signaturlåtane til Stevie Nicks av innspelingane hennar med Fleetwood Mac.
På 2004-utgåva av Rumours finst to demoversjonar av «Gold Dust Woman», ein med ein vokalmelodi og tekst i mellomspelet som seinare vart utvikla til ein eingen song, «If You Ever Did Believe», i 1997. Nicks spelte inn denne med den nær venen Sheryl Crow som del av innspelinga til Trouble in Shangri-La, som først kom ut i 2001, men songen vart vald som kjenningsmelodi for filmen Practical Magic med Nicole Kidman og Sandra Bullock frå 1998. Så langt har «If You Ever Did Believe» berre blitt gjeven ut på filmmusikkalbumet til denne filmen.
Bakgrunn Opptaket som frå 1977 som vart nytta på Rumours vart visstnok spelt inn kl. 04 om natta, etter ei lang natt med fleire forsøk i studio. Like før og under det siste opptaket hadde Stevie Nicks sveipa eit svart skjer rundt hovudet (men ikkje munnen). Det vart nytta fleire uvanlege instrument på innspelinga, mellom anna ein elektrisk cembalo med ein jet-phaser, som var markert med tape, slik at Mick Fleetwood kunne spele dei rette tonane. For å framheve vokalen til Nicks, knuste Fleetwood glasruter. Nicks sa seinare «Han hadde på seg vernebrillet og kjeledress - det var ganske morosamt. Han tok heilt av og slo laus på glaset med ein stor hammar. Han prøvde å gjere det i takt, men det var vanskeleg. Til slutt sa me 'Berre knus glaset' og me passa det til seinare.»
Medverkande Stevie Nicks – vokal Lindsey Buckingham – gitarar, dobro, korvokal Mick Fleetwood – trommer, kubjølle, cembalo, lydeffektar Christine McVie – Fender Rhodes, korvokal John McVie – bassgitar
Andre versjonar
Hole-versjonen
Det amerikanske alternativ rock-bandet Hole spelte inn songen i 1996 som den niande singelen deira på Geffen. Songen vart òg gjeven ut på filmmusikkalbumet til The Crow: City of Angels og var produsert av Ric Ocasek frå The Cars.
Lister Liste (1996) (Hole-versjonen)PlasseringU.S. Billboard Modern Rock Tracks31
I andre media Originalversjonen frå 1977 var nedlastbar i spelet Rock Band 3 i 2011. Hardrockbandet Halestorm spelte inn songen i 2013 for albumet sitt Reanimate 2.0: The Covers EP.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Gold Dust Woman» frå , den 4. august 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff The Penguin: teksttolking
Kategori:Songar frå 1977 Kategori:Fleetwood Mac-songar Kategori:Hole-songar Kategori:Singlar frå 1996 Kategori:Songar skrivne av Stevie Nicks Kategori:Songar produserte av Ken Caillat Kategori:Songar produserte av Richard Dashut Kategori:Songar om narkotika