Gaston Étienne Ghislain Reiff () var ein belgisk langdistanseløpar frå Braine-l'Alleud i Vallonsk Brabant. Han vart olympisk meister på 5 000 meter i 1948, den aller fyrste frå Belgia som vann OL-gull i friidrett.

Aktiv Reiff vart sjettemann på 5 000 meter då EM i friidrett 1946 fann stad i Oslo. Han store stund kom med 5 000-meteren under Sommar-OL 1948 i London. Han og Emil Zátopek frå Tsjekkoslovakia hadde lagt alle bakom seg, då spurten tok til. Ingen av dei ville gje seg, men Reiff trekte lengste strået og vann på tida 14.17,6, to tidels sekund framom Zátopek. To år seinare spurta Reiff om sølvmedaljen på halvmila då friidretts-EM vart avvikla i heimlandet, og måtte gje tapt for franske Alain Mimoun; Zátopek var då i ein klasse for seg.

Reiff deltok også under Sommar-OL 1952 i Helsinki, der han braut han 5 000-meterløpet. Si beste tid på 5 000 m, 14.10,8, oppnådde han i 1951. Han la opp i 1958.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Gaston Reiff» frå , den 10. august 2015.

World Athletics

Kategori:Belgiske friidrettsutøvarar Kategori:Langdistanseløparar Kategori:Olympiske meistrar for Belgia Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1948 Kategori:Belgiske deltakarar under sommar-OL 1948 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1948 Kategori:Belgiske deltakarar under sommar-OL 1952 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1952