mini|høgre|Høyland kyrkje Høyland er eit sokn i Sandnes kommune i Rogaland fylke. Det har òg vore ein eigen kommune.
Høyland sokn Høyland sokn utgjorde heilt frå mellomaldern eit prestegjeld saman med annekset Soma sokn. I 1841 vart Soma nedlagt og innlemma i Høyland. Same året vart Høyland nye kyrkje bygd som erstatning for Høyland gamle kyrkje og Soma kyrkje som vart rivne samstundes. I 1880 vart Sandnes utskilt som eige sokn. I 1912 vart gardane Forus og Søre Hogstad overførte til høvesvis Hetland sokn og Riska sokn. I 1967 vart den nordvestlegaste delen (tilsvarande omtrent noverande Lura sokn) overført til Sandnes sokn, samstundes som den vestre delen vart utskild som Gand sokn. I 1997 vart den nordaustre delen utskild som Hana sokn. I 2008 vart den søraustre delen utskild som Bogafjell sokn.
Såleis er Høyland sokn no monaleg mindre geografisk utstrekt enn før. I dag omfattar det stort sett bydelane Austrått og Sviland. Det høyrde opphavleg til Jæren prosti, men vart i 1998 ein del av det då nyoppretta Sandnes prosti.
Høyland kommune Då dei norske kommunane vart skipa ved formannskapslovene i 1837 vart Høyland ein eigen kommune heilt frå byrjinga. I 1861 vart Sandnes skilt ut som eigen bykommune (ladestad) frå Høyland, som hadde 3 376 innbyggjarar etter frådelinga. I 1965 vart Høyland kommune (då med 20 353 innbyggjarar), Høle kommune og austre delen av Hetland kommune innlema i Sandnes kommune.
Kjelder
Arkivverket
Kategori:Tidlegare kommunar i Rogaland Kategori:Sokn i Stavanger bispedømme Kategori:Geografi i Sandnes Kategori:Historie i Sandnes Kategori:Norske kommunar skipa i 1838 Kategori:Norske kommunar nedlagde i 1965 Kategori:Jæren