LaShawn Merritt () er ein USA-amerikansk tidlegare friidrettsutøvar frå Portsmouth i delstaten Virginia som internasjonalt tevla i 400-metersløp. Han vann åtte VM-gull og tre OL-gull på 400 meter og 4 x 400 m stafett i tida 2007-13. Merritt vart olympisk meister på 400 m i 2008, og verdsmeister på same distansen under VM i friidrett 2009 og 2013. Hans personlege rekord på 400 m er 43,65 sekundar, oppnådd i VM i friidrett 2015.
Aktiv Merritt sette personbeste 44,14 sekund då han vart tredjemann på 400 meter ved IAAF-finalen 2006 i Stuttgart. Året etter forbetra han bestetida til 43,96 i finalen i Friidretts-VM i Osaka, slått med eit halv sekund av landsmannen Jeremy Wariner. Dei deltok begge på USA sitt gullvinnande lag i 4 × 400 meter stafett. 21. august 2008 vann Merritt gullmedaljen på 400 meter under Sommar-OL i Beijing på suverent vis. Med 43,75 og personleg rekord slo han Wariner på andreplass med tett på eitt sekund. Som i Osaka-VM sprang begge kvar sin etappe for USA sitt vinnarlag i den lange stafetten. Merritt forsvarte VM-tittelen på 400 meter ved verdsmeisterskapen 2009 i Berlin, han fekk også gull som ankermann for USA sitt mannskap i 4 x 400 m stafett.
Etter å ha vore stengt ut frå friidretten, kvalifiserte Merritt seg til VM i friidrett 2011 i Doha. Her måtte han sjå slått med 0,03 sekund av 19-åringen Kirani James på 400 m, men fekk atter gleda med å springe det USA-amerikanske laget inn til siger i 4 x 400 m stafett. Han deltok i Sommar-OL 2012, men trekte seg etter skade. Under verdsmeisterskapen 2013 i Moskva flytta han sitt personbeste med eitt hundredels sekund og tok ein suveren siger på 400 m. Og som så mange gongar tidlegare sprang han i mål som sigerherre i 4 x 400 m stafett. Merritt presterte livsbeste 43,65 sekund i VM-finalen 2015 i Beijing. Han måtte likevel sjå seg slått av sørafrikanaren Wayde van Niekerk med 0,17 sekund. Men enno ein gong triumferte USA i 4 x 400 m stafett. Også i dei olympiske sommarleikane 2016 i Rio de Janeiro vann Merritt gull i 4 x 400 m. I OL-finalen på 400 m presterte han årsbeste og tok bronsemedaljen, men vart fullstendig sett i skuggen av nemnde Niekerk som forbetra verdsrekorden til 43,03 sekund.
Merritt la opp i 2021, men var etter 2017 langt unna sitt tidlegare toppnivå.
Doping I 2010 vart Merritt dømt for bruk av anabole steroid og utestengt frå idrett i 21 månader, rekna frå oktober 2009. Han kunne dermed ikkje ta del i Sommar-OL 2012.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 2005 i Helsinki: Gullmedalje i 4 x 400 m stafett (deltok i kvalifiseringa) VM 2007 i Osaka: Sølv på 400 m og gull i 4 x 400 m stafett OL 2008 i Beijing: Gullmedalje på 400 m og i 4 x 400 m stafett VM 2009 i Berlin: Gullmedalje på 400 m og i 4 x 400 m stafett VM 2011 i Daegu: Sølv på 400 m og gull i 4 x 400 m stafett VM 2013 i Moskva: Gullmedalje på 400 m og i 4 x 400 m stafett VM 2015 i Beijing: Sølv på 400 m og gull i 4 x 400 m stafett OL 2016 i Rio de Janeiro: Bronse på 400 m og gull i 4 x 400 m stafett VM 2017 i London: Utslått i semifinalane (45,52 =nr 20)
Kjelder
World Athletics
Denne artikkelen bygger på «LaShawn Merritt» frå , den 15. august 2015.
Kategori:Sprintarar frå USA Kategori:Verdsmeistrar i friidrett for USA Kategori:Olympiske meistrar for USA Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for USA Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2008 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2016 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016 Kategori:Dopingsaker i friidrett