Hibat Tzion (hebraisk skrift חִבַּת צִיּוֹן, tyder 'Kjærleik for sion') er ein moshav sentralt i Israel. Han ligg på kystsletta nær Hadera og dekkjer 4 500 mål i Heferdalen regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 492.
Moshaven vart grunnlagd i 1933 av «Jordbruksgudset til det russiske sionistsenteret». Han vart kalla opp etter Hovevei Zion-organisasjonen (òg kalla Hibbat Zion på hebraisk). Grunnleggjarane fekk seinare med seg immigrantar frå Sentral-Europa.
Han hadde den første organiske Annona-lunden i Israel, og er framleis den største i landet. Han hadde òg det første krematoriet i landet, som vart drive av Alei Shalekhet. Det vart brend ned av demonstrantar i august 2007.Crematorium burned down after Haredi paper reveals exact location Haaretz, 24. august 2007
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Hibat Tzion» frå , den 15. august 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Moshavar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1933 Kategori:1933 i Palestina Kategori:Busetnader i Det sentrale distriktet i Israel