«Peaceful Easy Feeling» er ein song skriven av Jack Tempchin og spelt inn av Eagles. Det var den tredje singelen frå debutplata til bandet frå 1972, Eagles. Singelen nådde 22. plassen på den amerikanske singellista og er ein av dei mest populære songane sine. Glenn Frey syng solovokal, medan Bernie Leadon og Randy Meisner syng harmonivokal.
Tommy Shannon, den tidlegare bassisten til Stevie Ray Vaughan, sa at «Peaceful Easy Feeling» vart spelt på radio då han fekk vite om helikopterulukka som Vaughan omkom i.
Bakgrunn Jack Tempchin skreiv songen i ei tid då han spelte på visekafear kring heime byen San Diego. Ein ven hadde laga ein plakat for å marknadsføre konsertane hans, mellom anna med falske sitat frå kjende personar om talentet til Tempchin. Dette skaffa han ein konsert i El Centro. Tempchin sov på golvet på klubben natta før konserten og skreiv ein tidleg versjon av «Peaceful Easy Feeling» på baksida av plakaten. Attende i San Diego budde Tempchin i eit kollektiv i lag med andre musikarar då han skreiv vidare på songen.
Under ein tur kort tid etter til Old Town San Diego State Historic Park, såg Tempchin ei jente med «turkise øyredobbar mot den mørke huda hennar,» som han nytta i songen. «Eg trur eg prøvde å destillere venleiken til kvar jente eg såg i ord på papiret og så til ein song,» sa han seinare. Han skreiv seinare ferdig songen på ein parkeringsplass utafor hurtigmatkjeda Der Wienerschnitzel i San Diego.
Ei tid seinare hadde Tempchin flytta til Los Angeles og prøvde å slå gjennom i musikkindustrien i lag med Jackson Browne, Glenn Frey og J.D. Souther. Frey høyrte Tempchin sin «Peaceful Easy Feeling» og spurte om han kunne utvikle songen vidare. Bandet hans, Eagles, hadde blitt danna berre åtte dagar tidlegare. Han presenterte Tempchking med ein demoversjon på ein kassett dagen etter, som sa «Det var så bra at eg ikkje kunne tru det.»
Medverkande Glenn Frey: Solovokal, akustisk gitar Bernie Leadon: Elektrisk gitar, harmonivokal Randy Meisner: bass, korvokal Don Henley: trommer, perkusjon
Andre versjonar På albumet Common Thread: The Songs of the Eagles spelte countrybandet Little Texas ein versjon av «Peaceful Easy Feeling». Denne nådde 74. plassen på Billboard Hot Country Songs-lista i USA.
B.W. Stevenson spelte òg inn «Peaceful Easy Feeling» og gav han ut i 1972 på albumet Lead Free (RCA Victor 4794).
Visesongaren Kate Wolf spelte ein langsam, akustisk versjon av «Peaceful Easy Feeling» i 1982 for konsertalbumet Give Yourself to Love.
Lister Vekeslister Liste (1972–73) Plasseringscope="row" Canadian Adult Contemporary (RPM)22scope="row" US Easy Listening (Billboard)20
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Peaceful Easy Feeling» frå , den 17. august 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Songar frå 1972 Kategori:Singlar frå 1972 Kategori:Singlar frå 1993 Kategori:Eagles-songar Kategori:Little Texas-songar Kategori:Songar skrivne av Jack Tempchin Kategori:Songar produserte av Glyn Johns Kategori:Asylum Records-singlar Kategori:Glenn Frey-songar Kategori:Buck Owens-songar Kategori:Joe Walsh-songar