Michael Greis () er ein tysk skiskyttar. Han bur i Nesselwang, ikkje langt frå Ruhpolding. Greis er olympisk meister på 20 km, fellesstart og stafett frå OL i Torino i 2006.
Greis vart verdsmeister med det tyske stafettlaget i VM i Oberhof i 2004. I VM i Hochfilzen i 2005 tok han sølvmedalje på 20 km. Han vann sitt første verdscuprenn i Cesana San Sicario i februar 2005.
I OL i Torino i 2006 vart Greis ein av dei store profilane, då han vann gull på 20 km og fellesstart, og var med å vinna gull med det tyske stafettlaget.
I 2011 vart Michael Greis tildelt Holmenkollmedaljen.
Kortfatta merittliste mini|venstre|Michael Greis (per 28. februar 2006) Verdscupen samanlagt: Beste plassering: 9. plass (2004/05) Verdsmeisterskap: 1 gull, 1 sølv, 1 bronse (beste individuelt: sølv på 20 km i 2005) Olympiske leikar: 3 gull (20 km, fellesstart og stafett i Torino 2006). Verdscuprenn: 3 gull, 4 sølv, 3 bronse
Bakgrunnsstoff Michael Greis sine offisielle heimesider på tysk
Kategori:Tyske skiskyttarar Kategori:Verdsmeistrar i skiskyting Kategori:Olympiske meistrar for Tyskland Kategori:Vinnarar av Holmenkollmedaljen Kategori:Tyske deltakarar under vinter-OL 2002 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 2002 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2006 Kategori:Tyske deltakarar under vinter-OL 2006 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 2006 Kategori:Tyske deltakarar under vinter-OL 2010 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 2010 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2002 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2003 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2004 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2007 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2008 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2009 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2011 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2012