Linet Chepkwemoi Masai () er ein kenyansk friidrettsutøvar som tevlar i langdistanseløp. Ho vart verdsmeister på 10 000 meter under VM i friidrett 2009 i Berlin.
Aktiv 19 år gamle Masai vann 10000-meterløpet under friidretts-VM 2009 med tida 30.51,2, eitt tidels sekund framom Meselech Melkamu frå Etiopia. Same året vart ho nummer to i VM i terrengløp i Amman, ein prestasjon ho gjentok i Bydgoszcz i 2010 og Punta Umbria i 2011. I verdsmeisterskapen i friidrett 2011 klarte ho ikkje å halde fylgje med landskvinnene Vivian Cheruiyot og Sally Kipeygo heilt inn til mål på 10000 m, men sikra seg bronsemedaljen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Linet Masai» frå , den 18. august 2015.
World Athletics
Kategori:Kenyanske langdistanseløparar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett for Kenya Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Kenya Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2008 Kategori:Kenyanske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008