Castor (α Gem, α Geminorum, Alfa Geminorum) er den nest mest lyssterke stjerna i stjernebiletet Tvillingane og ei av dei mest lyssterke stjernene på nattehimmelen. Sjølv om ho har Bayer-nemninga «alfa», er ho faktisk svakare enn Beta Geminorum (Pollux). Castor ligg 49,8 lysår frå jorda.

Fysiske eigenskapar Castor vart oppdaga å vere ei visuell binærstjerne i 1678, med [tilsynelatande storleiksklasse|storleiksklasse]] på 2,0 og 2,9 (den samla storleiksklassen er 1,58). Avstanden mellom komponentane er fortida kring 5 sekundgrader, og perioden til eit omlaup er kring 467 år. Kvar av komponentane til Casto er i seg sjølv ei spektroskopisk dobbeltstjerne, noko som gjer Castor til eit firdobbelt stjernesystem. Castoar har ei svak følgjestjerne som ligg kring 72 sekundgrader unna, men med same parallakse og eigarørsle. Denne følgjestjerna er ei formørkande binærstjerne med ein periode litt under ein dag, og er derfor eit av få kjende formørkande binærstjernesystem der begge følgjestjernene er dvergstjerne klasse M. Castor kan derfor reknast som eit seksdobbelt stjernesystem, med seks individuelle stjerner som bundne saman av tyngdekrafta. Komponent C har variabel stjerne-nemninga YY Geminorum.

Castor-systemet

ParameterStjernekomponentAaAbBaBbCaCbSpektralklasseA1 VUkjend (truleg M5 V)A2 VmM2 VM0.5 VeM0.5 VeMasse (M☉)2.150.4–0.61.70.4–0.60.620.57Radius (R☉)2.3?1.6?0.760.68

Etymologi og kultur

Castor og Pollux er to «himmelske tvillingar», som gjev stjernebieltet Tvillingane namnet sitt. Namnet Castor refererer til Castor, ein av tvillingsønene til Zevs og Leda. Stjerna vart på arabisk kalla Al-Ras al-Taum al-Muqadim, som tyder hovudet til den fremste tvillingen. I stjernekatalogen i Calendarium av Al Achsasi Al Mouakket, heiter denne stjerna Aoul al Dzira, som vart omsett til latinsk som Prima Brachii, som tyder den første på poten.

På kinesisk er 北河 (Běi Hé), som tyder «Nordelva», ein asterisme som består av Castor, ρ Geminorum og Pollux. 中國星座神話, skriven av 陳久金. Publisert av 台灣書房出版有限公司, 2005, ISBN 978-986-7332-25-7. Castor vert derfor på kinesisk kalla 北河二 (Běi Hé èr, som tyder «den andre stjerna i Nordelva».) 香港太空館 - 研究資源 - 亮星中英對照表 , Hong Kong Space Museum. Kinesisk astronomi hadde Castor som Yin, som er ein av dei to fundamentale prinsippa som alt er avhengig av i kinesisk tru.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Castor (star)» frå , den 26. august 2015.

Bakgrunnsstoff

Geminorum, Alfa Kategori:Formørkande binærstjerner Geminorum, 66 Kategori:Flarestjerner Kategori:Tvillingane 060178 9 036850 2891 6 Kategori:Hovudseriestjerner klasse M Kategori:Hovudseriestjerner klasse A Kategori:Stjerner med eigennamn Kategori:Objekt mindre enn 100 lysår frå jorda