2060 Chiron er ein asteroide i det ytre solsystemet med bane mellom Saturn og Uranus. Han er særs lyssvak med storleiksklasse 18. Chiron vart oppdaga av Charles T. Kowal i 1977. Middelavstand frå sola er 13,7 AU og omlaupstida er 50,7 år. Sjølv om han ligg langt utafor asteroidebeltet er han klassifisert som ein asteroide, og høyrer til gruppa kalla kentaurane, som er mindre planetar og asteroidar i bane mellom asteroidebeltet og Kuiperbeltet. Chiron er omgjeve av ein lyssvak koma slik som kring ein komet og han er kalla opp etter ein vis kentaur (Kheiron) som var læraren til Akhillevs.

Kjelder Delar av denne artikkelen bygger på «2060 Chiron» frå , den 30. august 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Kentaurar Kategori:Kometar 19771018 Kategori:Periodiske kometar Chiron Chiron