Åse Gruda Skard (), fødd Koht, var ein norsk barnepsykolog og forkjempar for kvinnesaka frå Oslo. Skard vart den første kvinna i landet som oppnådde magistergrad i psykologi i 1931 ved Universitetet i Oslo, og fekk tilnamnet «hele Norges bestemor».

Biografi

Foreldra hennar var Karen Grude Koht og Halvdan Koht. Ho vart i 1933 gift med litteraturforskaren Sigmund Skard. Saman fekk dei fem barn, mellom dei Halvdan Skard, Torild Skard og Målfrid Grude Flekkøy.

Åse Gruda Skard arbeidde som dosent i barnepsykologi ved Universitetet i Oslo (1947–1973). I 1934 etablerte ho Norsk Psykologiforening og sat som leiar frå 1945 til 1949. Under andre verdskrigen arbeidde ho ved Wilson College i USA, der ho mellom anna tala Noreg si sak. Ho var redaktør for Norsk Pedagogisk Tidsskrift i åra 1936–1970.Befring, Edvard: Åse Gruda Skard. http://www.snl.no/.nbl_biografi/Åse_Gruda_Skard/utdypning

Gjennom ei rad føredrag, over to tusen artiklar og tjuefire fagbøker, var ho ein viktig meiningsdannar i Noreg etter krigen. I boka Ungene våre (1948) talar ho for korleis den moderne familien skal la meiningane til ungane koma fram i større grad. Ho tala til Norsk Kvinnesaksforening om kor viktig det var at kvinner i større grad nytta dei ulike sjansane samfunnet bydde på (1953).

Som forkjempar for born sine rettar bidrog Skard til opprettinga av eit nasjonalt barneombod. Ho kan seiast å vera den første norske mediapsykologen. I ei årrekkje sat ho i Kringkastingsrådet for NRK, der ho var sterk pådrivar for programmet Foreldrenes Kvarter, Barnetimen for de minste og Lørdagsbarnetimen. Ho medverka òg i tv-serien Mattis.

Prisar og utmerkingar

I 1936 vann ho Melsom-prisen. Åsa Grude Skard vart tildelt Forskningsrådets pris for popularisering av psykologisk vitskap i 1976. I 1985 vann ho Sunnmørsprisen for Liv laga. I 2005 oppretta Norsk Psykologiforening ein pris til hennar minne: Åse Gruda Skards pris. Ho er avbilda på eit norsk frimerke: NK1561.

Kjelder

«Åse Gruda Skard» på Wikipedia på bokmål og riskmål, innhenta 3. februar 2006. «Befring, Edvard: Åse Gruda Skard» i Norsk Biografisk Leksikon, innhenta 7.1. 2011.

Bakgrunnsstoff Åse Gruda Skard på nettstaden Alma Maters døtrer (bilete med meir) Åse Gruda Skard – barnepsykolog og kvinnesaksforkjemper Åsa Gruda Skards Pris for popularisering av psykologisk kunnskap

Kategori:Norske psykologar Kategori:Norske kvinnesaksfolk Kategori:Folk frå Oslo Kategori:Vinnarar av Melsom-prisen