Yanuv (hebraisk skrift יָנוּב, tyder Ber fram) er ein moshav sentralt i Israel. Han ligg på Sharonsletta nær Netanya og Tulkarm og høyrer til Lev HaSharon regionale kommune. I 2006 hadde han 784 innbyggjarar.
Landsbyen vart grunnlagd den 21. mars 1950 av ein kvutza av immigrantar frå Tunisia på landområde som hadde vore eigd av ein Nablus-effendi før den arabisk-israelske krigen i 1948. Namnet vart teken frå Salomos ordtak 10:31: «Den rettferdiges munn ber visdom som frukt, men svikefull tunge skal skjerast av.».
Delar av husa i landsbyen vart bygd med norske midlar, etter Hurum-ulukka, då over to dusin jødiske barn på veg til Israel omkom. Den einaste overlevande etter ulukka budde i Yanuv. Vener av Israel i Norsk Arbeidarrørsle (VINA) samla inn pengar til ein minnestein, som er reist i moshaven.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Yanuv» frå , den 3. september 2015.
Bakgrunnsstoff Engstad, Paul (1996): Norsk arbeiderbevegelses samarbeid med Israel og innsats for fred i Midtøsten : Israel 50 år 1948-1998. VINA Oslo 1998.
Kategori:Moshavar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1950 Kategori:Busetnader i Det sentrale distriktet i Israel Kategori:1950 i Israel