Gannot (hebraisk skrift גַּנּוֹת, tyder 'Hagar') er ein moshav sentralt i Israel. Han ligg nær Hiriya, no Ariel Sharon-parken, og høyrer til Loddalen regionale kommune. I 2006 hadde han 513 innbyggjarar, i 2013 kring 1200 då mange bønder leiger små hus på landområdet.

Landsbyen vart først grunnlagd i 1950 av demobiliserte soldatar, men seinare fråflytta. Han vart grunnlagd på ny i 1955 av Rassco (Rural Suburban Settlement Company) og tok i mot innbyggjarar frå heile landet. Namnet er henta frå Amos 9:14; Då vil eg venda lagnaden for Israel, folket mitt. Dei skal byggja opp att nedrivne byar og bu i dei. Dei skal planta vinmarker og drikka vinen. Dei skal stella til hagar og eta frukta.

Gannot-krysset, eit kryss mellom hovudveg 1 og hovudveg 4, ligg nær moshaven.

Kjelder <div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Ganot» frå , den 3. september 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Moshavar Kategori:Jordbruksunionen Kategori:Busetnader grunnlagde i 1950 Kategori:Busetnader i Det sentrale distriktet i Israel Kategori:1950 i Israel