Panhaggerty (også kalla pan haggerty, panackelty, panacalty, panaculty, panackas, panack eller pan hag) er ein potetrett frå Nordaust-England. Retten består av skiva potet og lauk steikt i ei panne eller omnsform. I tillegg kan ein ha riven ost eller corned beef, kjøtdeig eller kjøtrestar, krydder, kraft og andre grønsaker i retten, som finst i mange ulike variantar. Pang haggerty kan vera hovudrett eller tilbehøyr i eit måltid. Retten blir typisk servert i karet han blei laga i.Panhaggerty, Foods of England

Versjonen frå området rundt Wear (som Sunderland) blir typisk bakt i ei form med kjøtbitar, lauk, kraft og krydder med potetene som eit lok oppå. I området rundt Tees (som Middlesbrough) var det vanlegare å laga retten i ei panne utan kjøt, som eventuelt kunne serverast ved sida av.

Retten kan førast tilbake til irske innvandrarar til området. Han blei særleg laga i gruve- og hamnearbeidarfamiliar. Retten kunne kokast sakte i løpet av dagen og brunast ved eldstaden. Ein kunne også laga han i ei stor panne med meir væske og eta han som ein lapskaus eller suppe.

Kjelder

Bakgrunnsstoff Diskusjon om panackelty-variantar ved theanswerbank.co.uk Panhaggerty ved Foods of England (med oppskrift)

Kategori:Engelsk mat Kategori:Potetretter