Avigdor (hebraisk skrift אֲבִיגְדוֹר) er ein liten moshav sør i Israel. Han ligg sør for Kiryat Malakhi og 11 km nord for Kiryat Gat. Han dekkjer 3,75 km² og høyrer til Be'er Tuvia regionale kommune. I 2006 hadde han 743 innbyggjarar.

Han vart grunnlagd i 1950 av veteranar frå den britiske hæren og heitte først Yael, initialane til den hebraiske transporteininga, som veteranane høyrte til under krigen. Seinare vart namnet endra, og kalla opp etter sir Osmond Elim d'Avigdor-Goldsmid, ein engelskman og president i Palestina Jewish Colonization Association som i 1934–1939 donerte pengar til moshaven. Han vart grunnlagd på landområdet som høyrte til den avfolka palestinske landsbyen Qastina.Khalidi, 1992, s. 131

Folkesetnaden driv dels med jordbruk, innan meieridrift og fjørkre, og dels innan frie yrke.

Kjelder <div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Avigdor» frå , den 8. september 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad

Kategori:Moshavar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1950 Kategori:Be'er Tuvia regionale kommune Kategori:Busetnader i Det sørlege distriktet i Israel Kategori:1950 i Israel