Tidhar (hebraisk skrift תִּדְהָר, tyder Gran) er ein moshav sør i Israel. Han ligg i nordvest Negev mellom Ofakim og Netivot og høyrer til Bnei Shimon regionale kommune. I 2006 hadde han 233 innbyggjarar.

Moshaven vart grunnlagd i 1953 av marokkanske immigrantar. Namnet er henta frå Jesaja 41:19: Eg plantar sedrar i ørkenen, akasie, myrt og oliventre. Eg set sypress i øydemarka saman med gran og buksbom;Jesaja 41 bibelen.no To andre nærliggande moshavar, Brosh (sypress) og Ta'ashur (buksbom) har namn frå dette verset og dei tre i lag vert kalla Moshavei Yahdav (tyder «Moshavane i lag»).

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Tidhar» frå , den 8. september 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad

Kategori:Marokkansk diaspora i Israel Kategori:Moshavar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1953 Kategori:Busetnader i Det sørlege distriktet i Israel Kategori:1953 i Israel