Ami'oz (hebraisk skrift עַמִּיעוֹז) er ein moshav sør i Israel. Han ligg i Hevel Eshkol-området nordvest i Negevørkenen nær grensa til Gazastripa og høyrer til Eshkol regionale kommune. I 2011 hadde han 185 innbyggjarar.

Moshaven vart først grunnlagd i 1956 av immigrantar frå Egypt og Romania. Namnet syner til styrken (hebraisk skrift עוז, Oz) som IDF-soldatar synte under Suezkrisa.

Moshaven vart ikkje noko suksess, og alle utanom fire familiar flytta. Tidleg i 1960-åra kom Vizhnitz-jødar til staden for å prøve og finne ein heim der, men òg dei gav opp og flytta. Samfunnet har vore permanent busett sidan 1962 då ei gruppe immigrantar frå Marokko slo seg ned på staden med hjelp frå Jewish Agency.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ami'oz» frå , den 9. september 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Amioz på Negev informasjonssenter

Kategori:Egyptisk diaspora i Israel Kategori:Moshavar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1956 Kategori:1956 i Israel Kategori:Busetnader i Det sørlege distriktet i Israel Kategori:Rumensk diaspora i Israel