Kokhav Michael (hebraisk skrift כּוֹכַב מִיכָאֵל, tyder 'Michaelstjerna') er ein moshav sør i Israel. Han ligg mellom Kiryat Gat og Ashkelon og høyrer til Hof Ashkelon regionale kommune. I 2006 hadde han 579 innbyggjarar.
Historie Moshaven vart grunnlagd i 1950 av immigrantar frå Irak nær staden til den fråflytta arabiske landsbyen Kawkaba (som moshaven har delar av namnet sitt frå; den andre halvdelen er frå Michael Sobell, ein britisk filantrop). Seinare kom det til immigrantar frå Argentina i 1962.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Kokhav Michael» frå , den 10. september 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Moshavar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1950 Kategori:Irakisk diaspora i Israel Kategori:Busetnader i Det sørlege distriktet i Israel