Ashalim (hebraisk skrift אֲשָׁלִים) er ein liten fellesbusetnad sør i Israel. Han ligg i Negevørkenen, kring 35 km sør for Beer Sheva og på austsida av Nahal Besor, som er den største elva i Negev. Ashalim høyrer til Ramat Negev regionale kommune. I 2011 hadde han 313 innbyggjarar.
Busetnaden har fått namn etter ein eldre landsby. Den opphavelege landsbyen Ashalim var ein av tre nahal-busetjingar grunnlagd mellom Mashabei Sadeh og Nitzana i 1956. Sjølve namnet tyder 'tamarisk', ein art av buskar og småtre.
Den nye Ashalim vart grunnlagd som ein moshav shitufi i 1979 etter at busetjarane der hadde flytta frå Bir Asluj Hill nær Golda Park (ved ein kunstig innsjø). I dag er Ashalim ein fellesbusetnad.
Ashalim er en av fleire utviklingsstader for solenergi i Israel. Ein 250 MW solcellepark i Ashalim vart starta opp i 2013.The Solar Vote, Yosef I. Abramowitz and David Lehreer, Haaretz, November 2, 2008.
I 2003 vart Kfar Adiel, ein landsby for studentar ved Ben-Gurion universitet i Negev, grunnlagd nær Ashalim av Ayalim, med mål om å opprette bustader for studentar og små entreprenørar i Negev og Galilea.Kfar Adiel
I nærleiken ligg mellom anna Ezuz og Nitzana.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ashalim» frå , den 12. september 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Ashalim Negev Information Sentral
Kategori:Tidlegare moshavar Kategori:Fellesbusetnader i Israel Kategori:Busetnader grunnlagde i 1979 Kategori:1979 i Israel Kategori:Busetnader i Det sørlege distriktet i Israel