Erez (hebraisk skrift אֶרֶז, tyder 'seder') er ein kibbutz sørvest i Israel. Han ligg nordvest i Negev kring 18 kilometer sør for Ashkelon og høyrer til Sha'ar HaNegev regionale kommune. I 2006 hadde han 333 innbyggjarar.
Historie Erez er kalla opp etter den første kjernen som grunnla kibbutzen. Dei var medlemmar av Noar Oved-kjernen frå Petah Tikva. Dei busette seg opphavleg i området nær Or HaNer i 1949.
I 1950 flytta dei til den noverande staden, som då høyrte til den avfolka palestinske landsbyen Dimra.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Kibbutz Erez» frå , den 12. september 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad
Kategori:Kibbutzar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1949 Kategori:1949 i Israel Kategori:Busetnader grunnlagde i 1950 Kategori:Busetnader i Det sørlege distriktet i Israel