Ein Hatzeva (hebraisk skrift עֵין חֲצֵבָה, tyder Hatzevakjelda) er ein moshav sentralt i Aravadalen i Israel. Han ligg sør for Daudehavet og høyrer til Tamar regionale kommune.
Ein Hatzeva vart grunnlagd i 1960 som eit utilslutta gardsbruk og var ikkje anerkjent av styresmaktene. Grunnleggjarane prøvde å dyrke grønsaker i den tørre Aravadalen, og landsbyen fekk offisiell status då dei klarte dette.
Han vart kalla opp etter den nærliggande Hatzevakjelda, som igjen har namn etter det arabiske namnet Ayn Husb. Staden var nemnd i greske tekstar som Eisebon.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ein Hatzeva» frå , den 13. september 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Moshavar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1960 Kategori:Busetnader i Det sørlege distriktet i Israel Kategori:1960 i Israel