Kfar Etzion (hebraisk skrift כְּפַר עֶצְיוֹן, tyder Etzionlandsbyen) er ei israelsk busetjing og ein religiøs kibbutz i Judeafjella mellom Jerusalem og Hebron sør på den okkuperte Vestbreidda. Han ligg 4,7 km frå Den grøne linja vest for israelske sperringsmuren/-gjerdet på Vestbreidda og er underlagt Gush Etzion regionale kommune. I 2011 hadde Kfar Etzion eit folketal på 872.

Busetjinga vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten.

Historie Migdal Eder I januar 1927 oppretta Zikhron David-samfunnet, ei gruppe på 160 ortodokse jødar frå Mea Shearim-området i Jerusalem, eit lite gardssamfunn kalla Migdal Eder, i eit område sør for Jerusalem.Jerusalem and its environs: quarters, neighborhoods, villages, 1800-1948, Ruth Kark, Michal Oren-Nordheim Namnet var henta frå eit vers i Bibelen, Første Mosebok 35:21, som refererte til ein by med same namn. Under Palestinaopprøra i 1929 vart Migdal Eder angripen og øydelagd. Innbyggjarane frå den arabiske nabolandsbyen Beit Umar verna bøndene, men dei kunne ikkje dra attende til gardane sine.Settlements in Focus: Gush Etzion

Kfar Etzion Tidleg i 1930-åra vart landområdet kjøpt av Shmuel Yosef Holtzman, som gav busetjinga namnet Kfar Etzion, som var eit ordspel med sitt eige namn: det jiddisk holts og tyske Holz tyder «skog», som vert omsett til etz på hebraisk. Jødane vart tvungne til å forlate staden etter arabararopprøret 1936–39. Det meste av det Holtzman og venene hadde bygd, vart øydelagd av arabarane.

I 1943-1947 sendte kibbutzrørsla ut grupper av nybyggjarar for å opprette fire kibbutzar og skape det som vart kjend som Etzion-blokka. Kfar Etzion, Ein Tzurim, Massu'ot Yitzhak og Revadim vart alle øydelagde under den arabisk-israelske krigen i 1948, og heile området kom under jordansk styre. mini|venstre|Kfar Etzion, 1947

Kibbutzen heldt unna åtaka i ti dagar før han falt. I Kfar Etzion-massakren den 14. mai 1948, vart 157 jødiske innbyggjarar i landsbyen drepne, og alle utanom fire vart avretta av den arabiske legionen og irregulære styrkar. Dei tre andre kibbutzane overgav seg. Desse vart tekne som krigsfangar og sleppte fri ni månader seinare.Moshe Dayan, 'The Story of My Life'. ISBN 0-688-03076-9. Page 130. Describes negotiations with Abdulla el-Tel about the release of 670 israelarar i «Jordan POW camp at Mafrak.» He states that 320 of them were from the Etzion-blokka, including 85 women.

I 1967 fekk Israel igjen kontroll over Vestbreidda etter seksdagarskrigen. Kfar Etzion vart då bygd opp på ny, trass i at dette braut med Genevekonvensjonen.Donald Macintyre, Secret memo shows Israel knew Six Day War was illegal. Independent, 26. mai 2007. (on web.archive)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kfar Etzion» frå , den 14. september 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad

Kategori:Kibbutzar Kategori:Den religiøse kibbutzrørsla Kategori:Busetnader grunnlagde i 1927 Kategori:1927 i Palestina Kategori:Busetnader grunnlagde i 1934 Kategori:Busetnader grunnlagde i 1943 Kategori:Busetnader grunnlagde i 1967 Kategori:Gush Etzion Kategori:Religiøse israelske busetjingar Kategori:Landsbyar avfolka under Midtausten-konflikten Kategori:Jødiske landsbyar avfolka under den arabisk-israelske krigen i 1948 Kategori:Gush Etzion regionale kommune