Ma'on/P.S. Maggioni (hebraisk skrift מָעוֹן) er ei israelsk busetjing og ein moshav shitufi i Judeafjella på den okkuperte Vestbreidda, sør for Hebron og nord for Beersheba. Han er underlagt Har Hebron regionale kommune. Busetjinga vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten.
Historie Busetjinga vart først grunnlagd i 1981 som ein paramilitær Nahal-utpost. Den første sivile folkesetnaden, som var medlemmar av den ortodoks, sionistiske ungdomsrørsla Bnei Akiva, slo seg ned der i 1982. Busetjinga er kalla opp etter den bibelske byen med same namn (Josva 15:55), som låg i nærleiken.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ma'on, Har Hebron» frå , den 15. september 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Vestbreidda Kategori:Judea- og Samaria-området Kategori:Religiøse israelske busetjingar Kategori:Busetjingar grunnlagde i 1981