Mevo Horon (hebraisk skrift מְבוֹא חוֹרוֹן, tyder Horonporten) er ei israelsk busetjing og religiøs moshav shitufi på den okkuperte Vestbreidda. Han ligg nær Latrun og Modi'in og er underlagt Mateh Binyamin regionale kommune. I 2007 hadde han 1200 innbyggjarar. Det internasjonale samfunnet reknar israelske busetjingar i Vestbreidda som ulovlege etter folkeretten, men dei israelske styresmaktene hevdar dei har retten på si side.
Landsbyen vart grunnlagd i 1970 av medlemmar frå Ezra ungdomsrørsle og var den første landsbyen i kommuneområdet. Han vart flytta til den noverande staden i 1974.Carta's Official Guide to Israel and Complete Gazetteer to all Sites in the Holy Land. (3rd edition 1993) Jerusalem, Carta, p.325, ISBN 965-220-186-3 (English) Han har namn etter den bibelske Beit Horon (Josva 10:10), som låg i nærleiken av den moderne israelske landsbyen og busetjinga Beit Horon.
mini|center|400px|Mevo Horon
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Mevo Horon» frå , den 15. september 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad
Kategori:Moshavar Kategori:Religiøse israelske busetjingar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1970 Kategori:Mateh Binyamin regionale kommune