Neveh Erez (hebraisk skrift נווה ארז, tyder Erez-heimen), òg kalla Mitzpe Erez (hebraisk skrift מצפה ארז, tyder Erez-utposten), er ein israelsk utpost på den okkuperte Vestbreidda. Han ligg nær Ma'ale Mikhmas og høyrer til Mateh Binyamin regionale kommune. Han er heimstad til kring åtte familiar.

Utposten vart grunnlagd i 1999, men vart fråflytta fleire gonger før han vart permanent i 2001. Han vart kalla opp etter Erez Gerstein, ein IDF-kommandant som vart drepen i Libanon.

Israelsk utpostar er ulovlege følgje israelsk lov. Det internasjonale samfunnet reknar alle israelske busetjingar, inkludert utpostar, på Vestbreidda ulovlege i følgje folkeretten, men dei israelske styresmaktene hevdar dei har retten på si side.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Neveh Erez» frå , den 16. september 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Israelske busetjingar på Vestbreidda Kategori:Busetnader grunnlagde i 1999 Kategori:Mateh Binyamin regionale kommune