Einav (hebraisk skrift עֵנָב) er ein kollektiv landsby og ei israelsk busetjing nord på den okkuperte Vestbreidda. Han ligg mellom Avnei Hefetz og Shavei Shomron og er underlagt Shomron regionale kommune. Han vart grunnlagd i 1981 med støtte frå organisasjonen Amana, og har i dag kring 600 innbyggjarar. Namnet på landsbyen kjem frå vindruene som brukte å vekse i området.

Busetjinga vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Einav» frå , den 16. september 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Bilete av Einav

Kategori:Religiøse israelske busetjingar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1981