Oldtidssteinbrotet i Jordandalen vart oppdaga i 2009 av arkeologar frå Universitetet i Haifa.Photos: «Glorious» Ancient Chamber Found in Israel (3), National Geographic (June 30, 2009). Steinbrotet ligg kring 5 km nord for Jeriko på Vestbreidda.

Skildring Grotta ligg i ørkenen nord for Jeriko, 10 meter under overflata. Ho dekkjer kring 0,4 mål og hovudrommet er støtta opp av 22 søyler. Forskjellige symbol, som bysantinske krossar, eit dyrekrins-liknande symbol og romartal er gravert inn i søylene. Ein romers legionvimpel indikerer at det vart nytta av den romerske hæren. Grotta vart graven ut for kring 2 000 år sidan og tente som eit stort steinbrot i romartida. Kammeret vart truleg nytta som steinbrot i 400 til 500 år. Det kan sidan ha blit tnytta som kloster og somme trur det kan ha markert ein bibelsk stad som har vore heilag for kristne i oldtida. Andre meiner at krossane aleine ikkje kan vitne om at det har vore ei kyrkje, sidan tilfeldige pilegrimar kan ha laga krossane, noko som var vanleg på den tida.Photos: «Glorious» Ancient Chamber Found in Israel (4), National Geographic, (June 30, 2009).

Dr. Adam Zertal, som leia ekspedisjonen, meiner at staden kan vere den gamle staden kalla Galgala. Eit kart frå bysantinsk tid, Madabakartet, omtalar ein stad i området kalla Galgala ved sidan av ein inskripsjon som seier «Dodekaliton», som tyder «Tolv steinar». Staden er markert i ein avstand frå Jeriko som høver med avstanden frå byen til grotta. Kartet syner ei kyrkje ved sidan av Dodekaliton og i dag finst det ruinar av to eldgamle kyrkjer nær grotta.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ancient underground quarry, Jordan Valley» frå , den 17. september 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Bilete 'Largest' Holy Land cave found

Kategori:Arkeologiske stader på Vestbreidda Kategori:Grotter på Vestbreidda