Siloamdammen (hebraisk skrift בריכת השילוח, Breikhat Hashiloah) er eit utskore basseng på sørsida av Davidsbyen, den opphavlege plasseringa til Jerusalem, utfor bymurane i Gamlebyen i søraust. Dammen får vatn frå Gihonkjelda, og vert ført dit av to akveduktar.
Siloamdammen er nemnt fleire gonger i Bibelen. Jesaja 8,6 nemner vatnet i dammen, medan Jesaja 22,9 referer til bygginga av Hiskiatunnelen.
I Evangeliet etter Johannes er dammen nemnt som staden der Jesus sende «ein medfødd blind mann» for å gje han attende synet.Evangeliet etter Johannes 9http://www.usccb.org/bible/john/9
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Pool of Siloam» frå , den 17. september 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Bilete og tekst av Siloam-inskripsjonen
Kategori:Stader i det nye testamentet Kategori:Stader i Bibelen Kategori:Siloam Kategori:Stader frå antikken i Jerusalem Kategori:Davidsbyen Kategori:Vassreservoar i Jerusalem