mini|upright|1989 var året Berlinmuren fall. 1989 (romartal MCMLXXXIX) var eit normalår som byrja på ein sundag i den gregorianske kalenderen. Hendingar

Utlandet mini|upright|Oljetankaren Exxon Valdez. (Kjelde: National Oceanic and Atmospheric Administration, USA) 7. januar: Akihito blei keisar av Japan. 23. januar: George H. W. Bush blei president i USA. 24. mars: Oljeutslepp frå Exxon Valdez i Alaska. 15. april: 96 personar døydde i Hillsboroughtragedien under FA-cup-semifinalen mellom Liverpool FC og Nottingham Forest. 18. mai: Dei siste sovjetiske styrkane trekte seg ut av Afghanistan. 4. juni: Massakren på den himmelske freds plass i Beijing. 25. september: USA og Sovjetunionen lova å øydeleggja 98 % av dei kjemiske våpna sine. 20. oktober: USA invaderte Panama for å styrta Manuel Noriega. 4. november: Taif-avtalen blei ratifisert og borgarkrigen i Libanon tek slutt. 9. november: Berlinmuren fall. 20. november: Dei sameinte nasjonane fullførte konvensjonen om barnerettane. 29. desember: Vaclav Havel blei vald til president i Tsjekkoslovakia.

Noreg mini|upright|I 1989 blei Det norske sametinget opna. 1. januar: Norges Hovedorganisasjon, NHO, blei danna då Norsk Arbeidsgiverforening, Norges Industriforbund og Norsk Håndverkerforbund slo seg saman. 15. januar: Nordvestlandet blei ramma av ein orkan som gjorde store materielle skader. 9. februar: Odd Lindbergs film om norsk selfangst utløyste avskyreaksjonar i Europa. 18. februar: Fangst på selungar blei forbode. 28. februar: For første gong sidan den andre verdskrigen var meir enn 130.000 nordmenn utan fast arbeid. 30. mars: Osebergfeltet og den første gassrøyrleidninga til Fastlands-Noreg blei opna. 7. april: Ein sovjetisk atomubåt gjekk ned i Norskehavet. 1. juni: Pave Johannes Paul II vitja Noreg for første gong. 7. juli: Opninga av Atlanterhavsvegen. 8. september: Eit norsk passasjerfly styrta utanfor Hirtshals. Alle dei 55 om bord døydde. Opprettinga av Saltfjellet-Svartisen nasjonalpark 21. september: Opninga av Olavshallen i Trondheim. 9. oktober: Opninga av det første Sametinget.

Fødde mini|upright|Den britiske skodespelaren Daniel Radcliffe er fødd i 1989.

2. mars: Marcel Hirscher, austerriksk alpinist 26. mars: Simon Kjær, dansk fotballspelar 4. juni: Eldar Qasımov, aserbajdsjansk songar og Eurovision-vinnar 2. juli: Magnus Sylling Olsen, norsk fotballspelar 23. juli: Daniel Radcliffe, britisk skodespelar, kjend for si rolle som Harry Potter 4. september: Janne Nygård, norsk målkvinne 8. september: Tim Bergling, kjend som Avicii, svensk DJ 13. desember: Taylor Swift, USA-amerikansk songar og skodespelar

Døde

7. januar: Hirohito, japansk keisar 10. januar: Kai Fjell, norsk målar 23. januar: Salvador Dalí, spansk surrealistisk kunstnar 19. april: Daphne du Maurier, britisk forfattar 20. april: Alex Johnson, norsk biskop 30. april: Sergio Leone, italiensk regissør. 3. juni: Ayatollah Ruhollah Khomeini, iransk religiøs leiar og statsoverhovud 16. juli: Herbert von Karajan, austerriksk dirigent 25. august: Hans Børli, norsk diktar 4. september: Georges Simenon, belgisk forfattar 22. september: Irving Berlin, amerikansk komponist 28. september: Ferdinand Marcos, filippinsk president. 6. oktober: Bette Davis, amerikansk skodespelar 30. oktober: Ingeborg Refling Hagen, norsk forfattar 14. desember: Andrej Sakharov, russisk vitskapsmann, menneskerettaktivist og nobelprisvinnar (avslo) 22. desember: Samuel Beckett, irsk-fransk forfattar og nobelprisvinnar 25. desember: Nicolae Ceausescu, rumensk president og diktator (skoten)