Ella Holm Bull () var ein sørsamisk lærar og forfattar frå Snåsa. Ho arbeidde i mange år aktivt for sørsamisk språk, ho stod mellom anna attom den sørsamiske rettskrivinga frå 1974, den såkalla Bergsland-Bull-rettskrivinga. Holm Bull fekk fleire prisar for arbeidet sitt for sørsamisk språk, mellom anna i 2004 Gollegiella-prisen på 100  for styrking av samisk språk.

Ella Holm Bull, fødd Joma, var dotter av Nils Pedersen Joma (1905–48) og Anna Sofie Johnsen Steinfjell (1904–74). Ho mista far sin, tre onklar og to tanter i Dunderlandsdal-ulukka sommaren 1948. I 1953 gifta ho seg med Nils Holm Bull (1929–2003) frå Røros.

Bull blei uteksaminert frå Nesna lærarhøgskule i 1954, og tok grunnfag i samisk ved Universitetet i Oslo i 1964.Keskitalo, Minneord fra samediggi.no I 1968 blei ho tilsett som lærar ved Åarjel-saemiej skuvle, den nystarta sameskulen i Snåsa. Saman med professor Knut Bergsland utarbeidde ho i 1974 Bergsland-Bull-rettskrivinga.I brodden for samisk kultur - Ella Holm Bull; NRK tv arkviopptak, 1. juni 1987

Ho sat på Sametinget frå 1989 til 1993.Odd Mathis Hætta: Sametinget i navn og tall : Høsten 1989 - høsten 1993 Svigersonen Jarle Jonassen har også sete på Sametinget.

Då Bull døydde var ho nett engasjert til å skrive den samiske historia i Røyrvik og omland, med tilskot frå fylkestinget i Nord-Trøndelag.

Bibliografi

Manne joe maahtam lohkedh. 1989 Åarjel-saemien Gåalmede gærja. 1987 Åarjel-saemien Vijhtede gærja. 1986 Åarjel-saemien Nubpie gærja. 1986 Åarjel-saemien Nealjede gærja. 1986 Ovmese veareldh. 1985 Suhtjegh. 1984 Tsååbpe-niejlen jih Tsååbpe-baernien bijre. 1984 Brorke. 1984 Åarjel-saemien Voestes gærja. 1982 Lohkede Saemien (med Knut Bergsland). 1974

Kjelder

Kategori:Sørsamar Kategori:Sørsamisk språk Kategori:Folk frå Snåsa Kategori:Norske samar Kategori:Samiske forfattarar Kategori:Samiske språkforskarar Kategori:Samiske politikarar Kategori:Personar innafor samisk språkforsking