Deir al-Ghusun (arabisk دير الغصون) er ein palestinsk by i Tulkarm guvernement, åtte kilometer nordaust for byen Tulkarm nord på Vestbreidda. Byen ligg nær Den grøne linja (grensa mellom Israel og Vestbreidda). Byen hadde eit folketal på 8 242 i 2007.2007 PCBS census. Palestinsk statistisk sentralbyrå (PCBS). s. 107. Han ligg 200 meter over havet.

Historie Deir el-Ghusun kan ha vore landsbyen som er markert som «El Dair» på kartet til Pierre Jacotin under invasjonen til Napoleon i 1799. På midten av 1800-talet vart han kjend for bomullsproduksjonen.

I 1863, seint i den osmanske perioden, vitja den franske oppdagaren Victor Guérin landsbyen og skreiv at han låg sør for Attil. Han skildra han som ein stor landsby på ei høgd.Guérin. 1875, s. 345 I 1882 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine han som «ein landsby av moderat storleik, på ei høgd, med ein brunn i vest. I nord ligg eit ope, lågt lende. Han er omgjeven av flotte olivenlundar, som dekkjer området kring ein kilometer mot sør.»Conder og Kitchener, 1882, s. 152

Under den arabisk-israelske krigen i 1948 vart 14 000 mål tekne av Israel. I dag er det totale arealet kring 13 000 mål der 2 268 er utbygd område.Closing of all the local agricultural roads in Deir Al Ghusun town Applied Research Institute-Jerusalem (ARIJ) and Land Research Sentral (LRC).

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Deir al-Ghusun» frå , den 19. september 2015. oppgav desse kjeldene:

(p. 137?)

Bakgrunnsstoff Velkomen til Dayr al-Ghusoun

Kategori:Byar på Vestbreidda Kategori:Tulkarm guvernement