Kafr Thulth (arabisk كفر ثلث, hebraisk כפר ת'לות') er ein palestinsk by som ligg på ei høg slette nær byen Nablus, 28 km sør for Tulkarm i Qalqilya guvernement. Han ligg kring 270 meter over havet. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde byen 3 921 innbyggjarar i 2007.
Namn Kafr tyder «landsby» og Thulth tyder «tre» eller «ein tredjedel». Dette arabiske namnet bevarer stadnamnet Baal-shalisha, ein gammal landsby ein trur låg 5 km sør for staden, ein stad som i dag vert kalla Khirbat Sirisya.Freedman et al., 2000, s. 136.
Geografi mini|venstre|Kart over sperremuren kring Qalqilya og Hableh-Ras Atiya-enklavane og den føreslåtte vegen vidare kring Kafr Thulth. Kafr Thulth grensar til Azzun i sør, landsbyane Sanniriya og Biddia i aust og Deir Istiya i vest. I 1948 vart delar av Kharab og Aizab, slik som Salman, al-Moudwer, al-Sheikh Ahmad, al-Ashqar, Ras Tirah, al-Dabha, Kirash Kherba og Ras Atiya — landsbyar eller landområde som opphavleg høyrte til Kafr Thulth, skilde frå byen av Den grøne linja, som utgjer grensa mellom Israel og Vestbreidda.
Historie I 1517 vart landsbyen ein del av Det osmanske riket i lag med resten av Palestina, og i 1596 stod Kafr Tult oppført i osmanske skattelister som ein del av Jabal Qubal nahiya i Nablus liwa'. Han hadde eit folketal på 13 hushaldningar og 1 ungkar, alle muslimar. Dei betalte skatt for kveite, bygg, sommaravlingar, tilfeldige inntekter, geiter og/eller bikubar.Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 132
I 1852 vart Kafr Thulth skildra som «ein ruin».Robinson and Smith, 1856, s. 136
I 1882 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine landsbyen (kalla Khurbet Kefr Thilth) som «ein liten landsby i eit høgtliggande område med to brunnar. Han var ein ruin i 1852, men har no nokre få innbyggjarar. Området rundt er kupert og udyrka.»Conder and Kitchner, 1882, vol. 2, s. 285
I folketeljinga i 1922 hadde Kufr Thelth eit folketal på 643, alle muslimar,Barron, 1923, Table IX, Underdistrikt of Nablus, s. 26 medan han i folketeljinga i 1931 hadde 169 busette hus og eit folketal på 955, framleis alle muslimar.Mills, 1931, s. 65
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Kafr Thulth» frå , den 19. september 2015. oppgav desse kjeldene:
(p. 176)
Bakgrunnsstoff Palestina Remembered Kafr Thulth
Kategori:Qalqilya guvernement Kategori:Byar på Vestbreidda