Tammun (arabisk skrift طمّون, hebraisk skrift טאמון) er ein palestinsk by i Tubas guvernement, 13 kilometer nordaust for Nablus og fem kilometer sør for Tubas nordaust på Vestbreidda. Tammun hadde eit folketal på kring 10 795 innbyggjarar i 2007.2007 PCBS Census. Palestinsk statistisk sentralbyrå. s.107.
Historie I 1854 vart Tammun identifisert som den bibelske byen Tabbath i Efraim av bibelforskaren van de Velde.Meredith van de Velde, William Charles. (1854). Narrative of a Journey Through Syria and Palestine in 1851 and 1852 W. Blackwood and Sons, p,328.Dommarane 7:22 Tabbath er i dag identifisert som ein stad i Jordan. Namnet på byen kjem frå det arabiske ordet tammen, som tyder «stille».
Den moderne historia til Tammun går attende til 1400-talet. Byen vart grunnlagd av ei gruppe beduinar frå Arabia som prøvde å finne ein trygg stad i Palestina med utsyn over områda i nærleiken.Tammun Village Profile Applied Research Institute - Jerusalem. I 1596 stod han oppført i osmanske skattelister som «Tammun», i Jabal Sami nahiya i Nablus liwa. Han hadde eit folketal på 15 hushaldningar og 3 ungkarar, alle muslimar. Dei betalte skattar for kveite, bygg, sommaravlingar, oliventre, tilfeldige inntekter, geiter og bikubar.Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 125. Over dei siste fire hundreåra, slo arabarar frå byane Kafr Qaddum og Halhul seg ned i byen. I 1881 vart Tammun skildra som «ein ganske stor landsby ved foten av fjellet, med ope lende i nord. Landsbyen ligg høgt, med oliven i sør.Conder og Kitchener, 1882, s. 228
I folketeljinga i 1922, utført av Dei britiske mandatstyresmaktene, hadde Tammun eit folketal på 1 345, alle muslimar.Barron, 1923, Table IX, Underdistrikt of Nablus, s. 24 Dette hadde auka i 1931 til 316 busette hus og eit folketal på 1599, igjen alle muslimar.1931 Det britiske mandatet Census. s. 65.
I 1945 var folketalet 2 070, med 98 080 mål land, i følgje ei offisiell landmåling.Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 61 393 dekar vart nytta til plantasjar og irrigert land, 33 181 dekar for korn,Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 108 medan 157 dekar vart utbygd (urbant) land.Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 158
Geografi og klima Tammun ligg 332 meter over havet. Han ligg fem kilometer sør for Tubas, 23 kilometer nordaust for Nablus, og grensar til Far'a og Wadi al-Far'a i vest og an-Naseriya i sør.
Årsmiddeltemperaturen i Tammun er 20 grader Celsius. Byen har ein årsmiddelnedbør på 331 millimeter og ein gjennomsnitt luftfukt på 57 %.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Tammun» frå , den 20. september 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Velkomen til Tammun
Kategori:Tubas guvernement Kategori:Byar på Vestbreidda