Kifl Haris (arabisk كفل حارس) er ein palestinsk landsby nord på Vestbreidda, seks kilometer vest for Salfit og 18 kilometer sør for Nablus i Salfit guvernement, nordvest for den israelske busetjingsbyen Ariel.
Historie Det osmanske riket I 1517 vart landsbyen ein del av Det osmanske riket i lag med resten av Palestina, og i 1596 stod Kafr Harit oppført i osmanske skattelister som ein del av Jabal Qubal nahiya under Nablus liwa'. Han hadde eit folketal på 54 hushaldningar, alle muslimar. Dei betalte skatt for tilfeldige inntekter, geiter og/eller bikubar, og ein fast sum.Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 131
Seint i osmansk tid, i 1870, vitja den franske oppdagaren Victor Guérin landsbyen, etter å ha vandra gjennom «vakre plantasjar av fiken og oliven». Han estimerte at han hadde 600 innbyggjarar.Guérin, 1875, s. 161 Guérin kalla staden Kefil Haris. Han nemnte ruinane av eit gammalt klokketårn bygd av store, tilpassa steinar mellom Deir Estia og Kefr Haris. I Kefr Haris fann han to øydelagde marmorsøyler bygde inn i muren av moskéen.Guérin, 1875, s. 161, som omsett av Conder og Kitchener, 1882, s. 324
I 1882 vart han skildra som «ein noko liten landsby i høgt lende, med olivenlundar i aust. Han har tre heilage stader, Neby Kifl, Neby Nun og Neby Lusha. [..]»Conder og Kitchener, 1882, s. 284-285
Palestinamandatet I folketeljinga i 1922 hadde Kufr Hares eit folketal på 373, alle muslimar,Barron ,1923, Table IX, UnderNablus sanjak, s. 25 og dette auka i folketeljinga i 1931 til 562 personar, framleis alle muslimar, i 130 hus.Mills, 1932, s. 61.
I 1945 var folketalet 770 arabarar medan det samla landarealet var 9 393 mål, i følgje ei offisiell landmåling.Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 60 Av dette var 4 117 for plantasjar og irrigert land, 2 131 for cereals,Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 107 medan 32 mål var klassifisert som utbygde område.Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 157
Josvagrava mini|venstre|Josvagrava I følgje ein samaritansk tradisjon, nedskriven i 1877, ligg gravene til Josva og Kaleb i Kifl Haris.Conder og Kitchener, 1882, s. 218 - 219
Den bibelske tradisjonen plasserer gravene til Josva, Kaleb og Nun i Timnath-heres som somme meiner er den noverande plasseringa til Kifl Haris. Tusenvis reiser på pilegrimsreise til desse gravene kvart år.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Kifl Hares» frå , den 20. september 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Velkomen til Kifl Harith
Kategori:Landsbyar på Vestbreidda Kategori:Salfit guvernement Kategori:Jødiske pilegrimsstader