Ni'lin (arabisk نعلين) er ein palestinsk by i Ramallah og al-Bireh guvernement, sentralt på Vestbreidda, 17 km vest for Ramallah. Ni'lin ligg kring 3 km aust for våpenkvilelinja frå 1949 (den grøne linja) og grensa til Deir Qaddis, dei israelske busetjingane Nili og Na'ale i nordaust, landsbyen al-Midya og Modi'in Illit (Kiryat Sefer) i sør, Budrus (4 km) og Qibya (5 km) i nordvest. Det samle landarealet til kommunen kring 14 800 mål og av dette er 660 urbant.ARIJ Areas Definition in Oslo II Interim Agreement of September 1995
Dei fleste innbyggjarane livnærer seg av jordbruk og før den andre Intifada, hadde mange jobbar i anleggsverksemda i Israel.The Environmental status of Ni'lin Village Applied Research Institute - Jerusalem (ARIJ) 2008-01-29 I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde byen eit folketal på kring 4 750 innbyggjarar i 2006.Projected Mid -Year Population for Ramallah & Al Bireh guvernement by Locality 2004- 2006
Han ligg 262 meter over havet og har milde vintrar og varme, tørre somrar med dagtemperaturar i snitt over 32 °C.
Historie I 1596 stod Ni'lin oppført i osmansk skatteregister som ein del av Ramla nahiya i Gaza liwa. Han hadde eit folketal på 72 hushaldningar, alle muslimar, og betalte skatt for kveite, bygg, sommaravlingar, oliventre, frukttre, geiter og/eller bikubar, og ei presse for oliven eller druer.Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 155.
I 1882 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine Ni'lin (kalla N'alin) som ein «stor landsby i høgt lende, omgjeve av oliven, med vassforsyning frå cisterner.»Conder og Kitchener, 1882, s. 298
I folketeljinga i 1922, utført av Dei britiske mandatstyresmaktene, hadde landsbyen (kalla Na'lin) eit folketal på 1 160, alle muslimar, medan han i folketeljinga i 1931 hadde 1249 innbyggjarar, av dette éin kristen og resten muslimar, i 299 busette hus.Mills, 1932, s. 22
I 1945 var folketalet i Ni'lin 1 420, alle arabarar, som eigde 15 875 mål land i følgje ei offisiell landmåling.Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 67 Av dette var 5 921 mål var plantasjar og irrigert land, 3 053 mål vart nytta for korn,Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 116 medan 29 mål var utbygd (urbant) land.Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 166
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ni'lin» frå , den 22. september 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Ni`lin på Palestinaremembered.com
Kategori:Ramallah og al-Bireh guvernement Kategori:Byar på Vestbreidda