Budrus (arabisk بٌدرُس) er ein palestinsk by i Ramallah og al-Bireh guvernement, 31 kilometer nordvest for Ramallah, nord på Vestbreidda. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå (PCBS) hadde byen eit folketal på 1 399 innbyggjarar i 2007.2007 PCBS Census. Palestinsk statistisk sentralbyrå. s.114.

Historie Budrus er arabisk for «Peter» og i oldtida vart landsbyen kalla Patris. Den moderne landsbyen ligg like aust for våpenkvilelinja frå 1949, medan oldtidsbyen truleg låg 2 km unna ved Khirbet Budrus, på vestsida av linja. Han er nemnd i den jødiske Tosefta (Demai 1)תוספתא דמאי, פרק א som ein del av grensa til dei sørlege fjella i Judea.

I 1596 var Budrus oppført i osmanske skattelister som ein del av Ramla nahiya i Gaza liwa. Han hadde eit folketal på 46 muslimske hushaldningar og betalte skatt for kveite, bygg, oliven eller sommaravlingar, geiter eller bikubar og ei presse for oliven eller druer.

Budrus vart skildra i 1870-åra som «ein liten landsby, med olivenlundar og cisterner. Han låg nær to heilage stader, og hadde ein gravplass (Imam 'Aly) i vest.»

I folketeljinga i 1931 hadde Budrus 98 busette hus og eit folketal på 430 muslimar. Folkesetnaden hadde auka i 510 til 1945.Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Center, 1970|page=66}}

Nord og vest for Budrus ligg Israel si sperring på Vestbreidda og det har ofte vore demonstrasjonar mot sperringa hersidan 2003.Gideon Levy, Alex Levac,'In Budrus, no one will give us the rights – we have to struggle for them', at Haaretz, 27. juli, 2013

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Budrus» frå , den 22. september 2015.

Bakgrunnsstoff Budrus flyfoto Velkomen til Budrus

Kategori:Landsbyar på Vestbreidda Kategori:Ramallah og al-Bireh guvernement