Beita (arabisk بيتا, tyder «Heim») er ein palestinsk by i Nablus guvernement nord på Vestbreidda, 13 km søraust for Nablus. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde byen eit folketal på 9 709 i 2007.2007 PCBS Census. Palestinsk statistisk sentralbyrå. s.110. Det er mange bygningar her som er daterte attende til romersk tid.
I 1952 opna Beita ein grunnskule som tente byen og dei kringliggande landsbyane. I 1954 vart det opna ein grunnskule for berre jenter, og sidan den gong er det bygd fire skular til, inkludert to vidaregåande skular.Beita Municipality: Education Beita Municipality. Det finst fire moskéar og tre klinikkar i byen.Beita Municipality: Public Foundations Beita Municipality.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Beita, Nablus» frå , den 24. september 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Velkomen til Beita
Kategori:Byar på Vestbreidda