Beit Imrin (arabisk بيت امرين) er ein palestinsk landsby i Nablus guvernement nord på Vestbreidda, 18 kilometer nordvest for Nablus. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå (PCBS) hadde landsbyen eit folketal på 2 821 innbyggjarar i 2007.2007 PCBS Census. Palestinsk statistisk sentralbyrå. s.110.
Beit Imrin er ein jordbrukslandsby som produserer korn, grønsaker, oliven, druer, mandlar og fiken.
Byen Sebastia ligg i sørvest, landsbyane Ijnisinya og Nisf Jubeil i sør, Burqa i nordvest og Yasid i aust.About Beit Imrin Beit Imrin Village Council.
Historie Beit Imrin vart grunnlagd av arabarar frå den nærliggande Burqa og Bani Hassan-stamma aust i Jordan, som òg var busett i Qarawat Bani Hassan.
Osmansk tid I 1517 vart Beit Imrin ein del av Det osmanske riket i lag med resten av Palestina. I 1596 var han oppført i osmanske skattelister som «Bayt Imrin», ein landsby i Jabal Sami nahiya i Nablus liwa. Han hadde eit folketal på ni hushaldningar og to ungkarar, alle muslimar, og betalte skatt for kveite, bygg, sommaravlingar, oliventre, tilfeldige inntekter, geiter og bikubar, og ei presse for oliven eller druer.Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 130.
Seint på 1800-talet estimerte Victor Guérin at Beit Imrin hadde 700 innbyggjarar,Guerin, 1875, s. 210-211 medan han i 1882 vart skildra som «ein mellomstor landsby i dalen ved foten av Sheikh Beiyzid-fjella. Han er bygd av stein, og har ei kjelde i dalen i sør, og oliven kring seg i aust og vest. Somme av innbyggjarane er gresk-ortodokse.»Conder og Kitchener, 1882, SWP II, s. 159
Det britiske mandatet I ei folketeljing i 1922 utført av Dei britiske mandatstyresmaktene hadde Beit Imrin eit folketal på 527, 15 kristne og 512 muslimar.Barron, 1923, Table IX, UnderNablus sanjak, s. 24 Folkesetnaden auka i 1931 til 620, av dette 13 kristne og 607 muslimar, i totalt 157 busette hus.Mills, 1923, s. 60
I 1945 var folketalet 860, alle arabarar, med 12 094 mål land, i følgje ei offisiell landmåling.Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 59 Av dette var 1 442 mål for plantasjar eller irrigert land, 6 819 for korn,Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 105 medan 53 mål vart utbygd land.Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 155
Etter 1948 Etter den arabisk-israelske krigen i 1948 kom Beit Imrin under Jordan sitt styre. I 1967, etter seksdagarskrigen, vart landsbyen okkupert av Israel, og same året var folketalet 1 100.Perlmann, Vol 1, Tab 2: Beit Umrin
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Beit Imrin» frå , den 24. september 2015. oppgav desse kjeldene:
Perlmann, Joel: The 1967 Census of the West Bank and the Gaza Strip: A Digitized Version. Annandale-on-Hudson, N.Y.: Levy Economics Institute of Bard College. November 2011 – February 2012. [Frå Israelsk statistisk sentralbyrå, Census of Populatin and Housing, 1967 Conducted i Areas Administered by the IDF, Vols. 1–5 (1967–70), and Census of Population and Housing: East Jerusalem, Parts 1 and 2 (1968–70).] (p. 149)
Bakgrunnsstoff Velkomen til Bayt Umrin
Kategori:Nablus guvernement Kategori:Landsbyar på Vestbreidda