Umbramaurpitta (Grallaria milleri) er ein maurpitta, ein fugl som er typisk for artane i slekta si, Grallaria. Han er endemisk for Colombia og lever i departementa Caldas, Risaralda og Quindío på vestsida av den sentrale fjellkjeda av Andes, og dessutan på austsida av fjellkjeda i Tolima-departementet. Utbreiingsområdet er nord for Cali og sør for Medellín.

Skildring Umbramaurpittaen er ein mellomstor til stor maurpitta, med store kraftige bein, 18 centimeter i kroppslengd. Han er vesentleg brun, med kvit strupe og kvit buk. Eit mørkt flekkete område dannar ei brystband. Arten har habitat i våt underskog, på eller nær bakken, frå 1800 til 3140 moh.Krabbe et al, 2003

Populasjonen er estimert til 1500 til 7000 individ og minkande. Arten er klassifisert som sårbar.BirdLife International (2015)

Kjelder

Krabbe, N.K. & Schulenberg, T.S. (2003). Brown-banded Antpitta (Grallaria milleri) In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2015). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 19. mars 2025 BirdLife International (2015) Species factsheet: Grallaria milleri. Henta frå http://www.birdlife.org den 19. mars 2025

Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Maurpittafamilien Kategori:Fuglar i andesregionen Kategori:Fuglar endemiske for Colombia