Colombiatyrann (Myiarchus apicalis) er ein fugl i tyrannfamilien som lever i eit stort utbreiingsområde i Magdalendalen (departementa Santander, Boyacá og Huila), i indre Valle del Cauca-departementet og i Cauca-departementet.

Skildring Arten har ein tyisk tyrann-utsjånad, han er mellomstor, ca. 17 centimeter med kroppsvekt på rundt 30 gram. Fjørdrakta til vaksne fuglar har mørk olivenbrun overside og gul underside. Strupen og brystet er i lys grå farge. Han skil seg frå andre artar i denne slekta ved at han har lys haletipp. Habitatet til colombiatyrannar kan variere, det kan vere i tørr krattvegetajon og i meir opne område med nokre tre. Føretrekt høgd er under 1700 moh., men total strekk ho seg frå 400 til 2500 moh.Joseph, 2004

Dei sit på greiner i låg eller middels høgd, der dei ventar på insekt. Små frukt kan òg gå inn i dietten.

Kjelder Joseph, L. (2004). Apical Flycatcher (Myiarchus apicalis) In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2015). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 26. september 2015 BirdLife International (2015) Species factsheet: Myiarchus apicalis . Henta frå http://www.birdlife.org den 26. september 2015 Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Tyrannfamilien Kategori:Fuglar endemiske for Colombia