Jab'a (arabisk الجبعة) er ein palestinsk landsby sentralt på Vestbreidda, 17 kilometer nord for Hebron og 15 kilometer sørvest for Betlehem. Han ligg tre kilometer aust for den grøne linja, i separasjonssonen, omgjeve av israelske busetjingar i Gush Etzion regional kommune og Israel si sperring på Vestbreidda. Nærliggande palestinske byar og landsbyar er Surif like ved Jaba'a, Wadi Fukin og Nahalin i nord. Han er den nordlegaste busetnaden i Hebron guvernement. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde Jab'a eit folketal på kring 896 i 2007.2007 PCBS Census Palestinsk statistisk sentralbyrå. s.118.
Historie Jab'a er datert attende til kanaanittane. Det er òg gjort funn av bysantinsk keramikk.Dauphin, 1998, s. 921
I 1596 stod Jaba oppført i osmanske skattelister som ein del av Quds nahiya i Quds liwa. Han hadde eit folketal på tre muslimske hushaldningar og betalte skatt for kveite, bygg, oliven, og geiter eller bikubar.
I The Survey of Western Palestine (1883) vart Jeba skildra som «ein liten landsby på ein høg, smal rygg, med ein bratt dal i nord. Husa er av stein. I aust er det grotter i klippene.»Conder og Kitchener, 1883, vol 3, s. 25
I ei folketeljing i 1922 utført av Dei britiske mandatstyresmaktene hadde Al Jaba'a eit folketal på 122, alle muslimar, medan han i folketeljinga i 1931 hadde eit folketal på 176, framleis alle muslimar, som budde i totalt 36 hus.
I 1945 var folketalet i El Jab'a 210, alle arabarar, som eigde 5 593 mål land i følgje ei offisiell landmåling.Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 50 102 mål var plantasjar og irrigert land, 1 880 vart brukt til korndyrking,Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 93 medan 12 mål var utbygd (urbant) land.Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 143
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Jab'a» frå , den 28. september 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Velkomen til al-Jab'a
Kategori:Landsbyar på Vestbreidda