Qalqas eller Qilqis (arabisk قلقاس) er ein palestinsk landsby som ligg fire kilometer sør for Hebron ved Beit Hagai. Landsbyen ligg i Hebron guvernement, sør på Vestbreidda. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde landsbyen eit folketal på 1 149 i 2007.2007 PCBS Census Palestinsk statistisk sentralbyrå. s.119.
Historie Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja staden i 1863, og skildra han som «ruinane av ein stor landsby».Guérin, 1869, s. 212, 257-258
I 1883 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine staden Khurbet Kilkis med «murar og cisterner, og graver hogde ut i berget».Conder og Kitchener, 1883, SWP III, s. 358
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Qalqas» frå , den 28. september 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Landsbyar på Vestbreidda Kategori:Hebron guvernement