Abu Dis eller Abu Deis (arabisk أبو ديس, hebraisk skrift אַבּוּ דִיס) er ein palestinsk by i Jerusalem guvernement i Den palestinske sjølvstyresmakta ved grensa til Jerusalem. Sidan 1995 har Abu Dis vore ein del av «Område B», under felles israelsk og palestinsk kontroll. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå (PCBS) hadde Abu Dis eit folketal på 10 782 i 2007.2007 PCBS Census. Palestinsk statistisk sentralbyrå. s. 116.

Historie Abu Dis ligg på ein eldgammal stad, omgjeve av djupe dalar. Ein har funne ruinar av oldtidsbygg, cisterner, druepresser og grotter, ei med nisjer. Ein har òg funne keramikk frå sein romersk og bysantinsk tid.Dauphin, 1998, s. 906

Den franske oppdagaren Victor Guérin meinte Abu Dis var den same staden som oldtidsbyen Bahurim, men dette er ikkje lenger ein akseptert teori.McKenzie, John, Dictionary of the Bible, Simon & Schuster, 1995, p77

Osmansk tid Abu Dis var ein av dei mest folkerike landsbyane i Jerusalem sanjak på 1500-talet, med eit folketal på fleire hundre. Her vart det dyrka kveite og bygg, men òg druer, oliven, frukttre, bønner, og det vart laga varer frå geiter og bier. Etterkomarane til Saladin budde i landsbyen og fekk tildelt ein tredjedel av skatteinntektene frå kornet av Det osmanske riket. I 1596 stod Abu Dis oppført i osmanske skattelister som ein del av Quds nahiya i Quds liwa. Han hadde eit folketal på 80 muslimske hushaldningar, og betalte skatt for kveite, bygg, oliventre, vindruer, frukttre, geiter og/eller bikubar.Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 117

Då Guérin vitja landsbyen i 1870 noterte han eit hus som var større og høgare enn dei andre, og dette var den lokale sjeiken sitt.Guérin, 1874, s. 160 ff

I 1883 skildra Palestine Exploration Fund landsbyen i Survey of Western Palestine som ein «mellomstor landsby, lett synleg på ein naken, flat rygg, med djupe dalar kring seg. Vassforsyninga kjem frå cisterner. Det finst gravholer hogde ut i berget i vest.Conder og Kitchener, 1883, s. 27

Seint på 1800-talet garanterte sjeiken i Abu Dis, Rasheed Erekat, for tryggleiken til europeiske turistar og pilerimar som reiste ned til Jeriko og Jordanelva.Rev James Smith, 'A Pilgrimage to Palestine - An account of a visit to Lower Palestine (1893-1894) Ein reisande på 1800-talet skreiv at «den einaste måten å kome seg til Jorda er å betale ein lovbestemt skatt til sjeiken i Abu Dis. Denne mannen tar betalt kring seksten skillingar frå kvar reisande som skal ned til Jeriko. Han sender med dei ein mann, kanskje hans eigen son, i lag med deg, væpna med eit sverd og ein revolver.»James Kean, 'Among the Holy Places - A Pilgrimage through Palestina.' T. Fisher Unwin, London, Sixth edition 1908. (1st Edition 1891), s. 129-130

Seinare tid I ei folketeljing i 1922 utført av Dei britiske mandatstyresmaktene hadde Abu Diz eit folketal på 1 029, alle muslimar, og dette auka i folketeljinga i 1931 til eit folketal på 1 297, framleis alle muslimar, i 272 hus.Mills, 1932, s. 37

I 1945 hadde Abu Dis eit folketal på 1 940, alle arabarar, med 27 896 mål land, i følgje ei offisiell landmåling.Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 56 Av dette var 4 981 mål vart nytta for korn,Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 101 medan 158 mål vart utbygd land.Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 151

Mellom 1922 og 1947 auka folketalet i Abu Dis med 110 %.Transformation in arabarar Settlement, Moshe Brawer, in The Land that Became Israel: Studies in Historical Geography, Ruth Kark (ed), Magnes Press, Jerusalem 1989, s.177 Byen fekk store øydeleggingar under Jordskjelvet i Jeriko i 1927. Alle husa fekk øydeleggingar, og alle cisternene sprakk. Sidan Abu Dis er avhengig av cisterner fylte med regnvatn, førte dette til harde tider. al-Eizariya (Betania), som låg ein kilometer unna, fekk få skadar.Bertha Spafford Vester, 'Our Jerusalem'. Trykt i Libanon, 1950. side 320.

I lag med resten av Vestbreidda vart byen annektert av Jordan mot slutten av Det britiske mandatet i 1948.

Abu Dis vart erobra av Israel i seksdagarskrigen i 1967. Etter 1995 har Abu Dis vore ein del av Område B, som er underlagt Den palestinske sjølvstyresmakta for sivile saker, medan Israel framleis har kontroll over tryggleiken.Dr Haim Gvirtzman, Maps of israelske Interests in Judea og Samaria , Begin-Sadat Sentral for Strategic Studies (Israel).

Venskapsbyar Camden, ein bydel i London i Storbritannia. Reze

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Abu Dis» frå , den 29. september 2015. oppgav desse kjeldene:

Kean, James: Among the holy places ; a pilegrimage through Palestina (between 1895 and 1907)

Bakgrunnsstoff Al Quds universitet Velkomen til Abu Dis

Kategori:Byar på Vestbreidda Kategori:Jerusalem guvernement