'Anata (arabisk skrift عناتا, hebraisk skrift ענאתא) er ein palestinsk by i Jerusalem guvernement, sentralt på Vestbreidda, fire kilometer nordaust for Gamlebyen i Jerusalem. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde 'Anata eit folketal på 9 600 i 2006.Projected Mid -Year Population for Jerusalem guvernement by Locality 2004- 2006 Palestinsk statistisk sentralbyrå. Sidan 1967 har 'Anata vore okkupert av Israel. Landsbyen er avskoren frå Jerusalem av separasjonsmuren i vest, som vart bygd i 2004 på konfiskert palestinsk land. Han er avskoren frå resten av Vestbreidda av israelske busetjingar i aust.

Historie 'Anata er ein landsby på ein eldgammal stad, og fleire gamle bygningsmateriale er brukt om att i husa som står der i dag. Det er òg funne cisterner hogde ut i berget, i lag med grotter og eldgamle jordbruksterrassar.Dauphin, 1998, s. 899 Edward Robinson identifiserte 'Anata som den bibelske Anathoth, fødestaden til Jeremia.Robinson and Smith, 1841, vol 2, s. 109

Ruinane av ei bysantinsk kyrkje ligg i byen, så ein trur staden var busett før den muslimske erobringa av Palestina av Rashidun-kalifatet.Conder og Kitchener, 1883, SWP III, s. 82 Under den muslimske kringsetjinga av Jerusalem mot krossfararane, slo generalen og sultanen til ajjubidane, Saladin, leir i 'Anata før han gjekk vidare mot Jerusalem.

Osmansk tid Landsbyen vart ein del av Det osmanske riket i 1517 i lag med resten av Palestina, og i 1596 stod 'Anata oppført i osmanske skattelister som ein del av Quds nahiya i Quds liwa. Han hadde eit folketal på 10 muslimske hushaldningar, og betalte skatt for kveite, bygg, sommaravlingar, oliventre, frukttre, geiter og/eller bikubar.Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 117

Landsbyen vart øydelagd av Ibrahim Pasha i 1832 etter eit pro-osmansk arabararopprøret mot det egyptiske styret. Då staden vart vitja av W. M. Thomson i 1850-åra, skildra han staden som ei «lita grend, delvis i ruinar, men han var ein gong mykje større, og verkar å ha hatt murar kring seg. Ein kan framleis sjå bitar av muren.»Thomson, 1859, vol 2, s. 548

Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja landsbyen i 1863, og skildra han som ein liten stad, på ein ås, med kring 200 innbyggjarar.Guérin, 1869, s. 76 ff

I 1883 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine staden som ein «mellomstor landsby med hus i stein. Han står på ein rygg med fin utsikt mot nord og aust. Det står nokre få oliventre kring landsbyen, og ein brunn i vest og ein annan i søraust.»Conder og Kitchener, 1883, SWP III, s. 7-8

Det britiske mandatet I folketeljinga i 1922 hadde 'Anata eit folketal på 285, alle muslimar.Barron, 1923, Table VII, Subdistrict of Jerusalem, s. 14 Dette auka i 1931 til 438, framleis alle muslimar, i 98 hus.Mills,1932, s. 37

I 1945 'Anata eit folketal på 540, alle arabarar, med 18 496 mål land, i følgje ei offisiell landmåling.Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 56 Av dette var 353 mål var plantasjar og irrigert land, 2 645 nytta for korn,Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 101 medan 35 mål vart utbygd land.Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 151

Etter 1948 Etter den arabisk-israelske krigen i 1948 kom 'Anata under Jordan sitt styre.

Sidan seksdagarskrigen i 1967 har 'Anata vore under israelsk okkupasjon.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «'Anata» frå , den 29. september 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Velkomen til 'Anata

Kategori:Landsbyar på Vestbreidda