Tor Ivar Alsaker-Nøstdahl () er ein norsk tidlegare fotballspelar og idrettsleiar frå Drammen. Han spelte 16 sesongar på Strømsgodset IF og vart cupmeister tre gongar og seriemeister ein gong.
Alsaker-Nøstdahl spelte 329 obligatoriske kampar for Strømsgodset i tida 1962-77. Han var med på å spele laget opp frå 4. divisjon til 1. divisjon i løpet av få sesongar. Frå slutten av 1960-åra og til midt på 1970-talet var laget eit av dei aller beste i Noreg, med sigrar i NM-cupen i 1969, 1970 og 1973, samt seriemeisterskap i 1970.
I tida frå 1967 til 1972 spelte Alsaker-Nøstdahl 10 landskampar, alltid frå sin vande midtstopparplass. Han utmerkte seg ved si store fart.
Seinare var Alsaker-Nøstdahl formann i Strømsgodset Idrettsforening, i 1999 utnemnd til heidersmedlem.
Merittar Norsk meister: 1969, 1970 og 1973 med Strømsgodset Seriemeister: 1970 med Strømsgodset
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Tor Alsaker-Nøstdahl» frå , den 1. oktober 2015.
Kategori:Norske fotballspelarar Kategori:Norske landslagsspelarar i fotball Kategori:Strømsgodset-spelarar Kategori:Folk frå Drammen