Dana biosfærereservat er det største naturreservatet i Jordan, sør i den sentrale delen av landet. Dana biosfærereservat vart grunnlagd i 1989 i området i og rundt landsbyen Dana og Wadi Dana som består av 308 km².
Busetnad mini|venstre|Landskap i Danareservatet mini|venstre|Landskap i Danareservatet mini|Rummana-leiren Ata'ta-folket er innfødde innbyggjarar i Dana biosfærereservat. Historia går attende 400 år, men dei første busetjingane her går attende meir enn 6000 år. Det er gjort funn som kan vere frå eldre steinalder, i tillegg til egyptiske, nabateiske og romerske busetjingar i Dana.
Geografi Dana biosfærereservat ligg frå ei høgd på 1500 meter over havet på Qadisiyah-platået til det lågtliggande ørkenområdet Wadi Araba. Den varierte geologien i Dana består av kalkstein, sandstein og granitt. I Wadi Dana finn ein vinderoderte sandsteinskipper. Dana er det einaste naturreservatet i Jordan som kryssar fire biogeografiske soner: Middelhavet, iransk-turansk, saharo-arabisk og den sudanske penetrasjonen.
Plante- og dyreliv Den mangfaldige naturen i Dana har 703 planteartar, 215 fugleartar, og 38 forskjellige artar pattedyr.
Planter Dana har noko av det mest mangfaldige plantelivet i landet og vegetasjonen består mellom anna av fønikiske einer, eviggrøne eiker, sanddyner, akasie og klipper. Dana er det sørlegaste området i verda der det veks middelhavssypress, Cupressus sempervirens. Det finst òg hundrevis av endemiske planteartar i Dana. Mange planter, særskild tre og kratt, veks i høglandet i naturreservatet.
Utryddingstruga artar Nubisk steinbukk, syrisk gullrisk, karakal, og raudfalk held til i Wadi Dana og er utryddingstruga. Planar om å redde artane vart lagt fram av Global Environment Fund i 1994. I tillegg finst den største hekkekolonien av syrisk gullrisk i Dana naturreservat. Jakt er mellom anna ein av trugslane for desse dyra.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Dana biosfærereservat» frå , den 2. oktober 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Dana biosfærereservat
Kategori:Biosfærereservat i Jordan Kategori:Naturreservat i Jordan